Den siste i april

svrm1

svrm2

svrm3

Det var meininga at eg skulle skrive ei lita oppdatering på kva eg har gjordt dei siste to vekene, men dagane går mykje i ett og det vart ikkje lange oppsummeringa. Spesielt når eg har vore sjuk dei siste fem dagane. Derfor tilbringe vi mykje tid i senga, eg og Lillemann. Legg oss tidleg og står opp seint! Iallfall halve døgnet tilbringast i senga. Då er det flaks at eg er så glad i soverommet mitt. Fargen på veggen, sengegavlen og kvite krispe sengkle. Og IKEA lampa.

Før eg vart sjuk rakk eg å bli tante og kose med eit nydeleg lite nurk som gjorde at Anders ikkje lenger er minst i familien, og plutseleg vart så stor! Eg hadde meg og ein tur til Ålesund på shopping med Lillemann og tanta hans, det var deilig å komme seg vekk sjølv om shoppinga no dreide seg mykje om guten og huset – ikkje mykje nytt på ho som har vore igjennom ein graviditet i vinter, men det må vi rette på når vi skal til Oslo på laurdag. Og ein loppis fekk eg med meg. Det var etter eg vart sjuk, så eg heiv innpå eit par Ibux, ga mannen beskjed om å trille tur med guten og reiste sjølv på loppis. Kva eg fann kjem nok på bloggen etterkvart. Ein del av det er nemleg til terrassen.

Tenk at vi allereide er ferdige med april? Kvar vart den av då? Den gjekk jo enda fortare enn mars. I mai har eg mykje fint i vente. Det er jo den beste månaden! Eg skal tilbringe 9 fine dagar ilag med søstra mi, det kan eg ikkje huske å ha gjordt sia vi var på sydentur i 2004? Men på laurdag tar eg og Lillemann flyet og susar nedover til austlandet på besøk. Der skal vi feire konfirmasjonen til mitt eldste tantebarn. Og så har eg bursdag i mai. Og eg skal fylle og begynne å bruke terrassen min i mai – for det vert nydeleg vær i heile mai. Det er eg sikker på. Og så har vi jo 17. mai – og isspising! Mmm! Eg lengtar etter ein softis…

Posta under Interiør | Merkt , , , , | Kommenter innlegget

Stickygram

stcgrm

Eg er for første gong lei meg for at eg har innebygd kjøleskap. For om eg hadde hatt eit vanleg kjøleskap hadde eg garantert dekorert det med Instagrambileta mine i magnetform. Små augneblikk i kvardagen som er fint å ta vare på. Det får du lett tak i på stickygram.com. Det er neste så eg vurderar å kjøpe berre for å ha dei i tilfelle eg får eit vanleg kjøleskap i næraste framtid, eller evt male ein vegg med magnetmaling til å feste dei på. Søtaste ideen på lenge!

Posta under Tips og triks | Merkt , , , | Éin kommentar

Takkekort

tkkrt

Eg har brukt ledige stunder dei siste dagane til å lage takkekort. Eg syns det er fantastisk morro å sitte i Photoshop og leike meg med bilete, fontar og fargar. Etter ein del styring og testing av forskjellige design vart eg ferdig og fekk bestillt dei i dag. Over er ein liten collage av elementa eg har brukt. No gler eg meg til å få dei i posten og ikkje minst å dele dei ut til folk.

Foto: Privat

Posta under DIY, Familie | Merkt , , , , | 3 kommentarar

På veggen

pt

Vil eg ha denne poteta! Haha! Så kul.

Foto: Etsy.com

Posta under Uncategorized | Merkt , , , , , , | Éin kommentar

Fargekoding

clvr1

clvr2

Hipp hurra for alle superenkle DIY-prosjekt eg kjeme over. Sånn som dette. Eg har for tida berre ein nøkkel å holde styr på, foruten ein stor svart sak til bilen, så behovet for å fargekode nøklar er ikkje det største, men litt farge er alltid fint. Så no må eg berre finne ut kva farge eg vil ha på den eine nøkkelen min. Neglelakkar er nettopp det eg har nok av. Eller… Det er alltids ein farge ein ikkje har som ein berre MÅ ha fordi den er heilt perfekt! Inspirasjonen har eg funne via Pinterest, på denne sida her.
Eg har funne Pinterest-appen til mobilen min, så no har eg alltid noko å sysselsette meg med under amming. Hipp hurra for det også!

Foto: abubblylife.com

Posta under Uncategorized | Merkt , , , | 2 kommentarar

Riktig plass til riktig tid

rtpls

Av og til er ein griseheldig med motivet sitt. Her er vi på veg inn til hotel Alexandra i Loen for å feire svigerfars 60 årsdag, Eg sit i bilen med iphonen når dette motivet dukkar opp. Rett etter ei snøkave, rett før sola bryte igjennom. Knips! Skulle så klart vore tatt med speglreflekskamera så eg kunne forstørra opp idyllen, men så heldig var eg ikkje. Eg må seriøst blåse støv av det kameraet snart. Dæmn ju, iphone!

Foto: Privat

Posta under Fotografering | Merkt , , , , , | Kommenter innlegget

Utemøbler

grdn

Eg har ein terasse eg skal bruke mykje i sommar! Det er iallfall planen. Men denne terassen er foreløbig heilt tom, med unntak av nokre veldig lite sjarmerande søppelspann og litt snørestar i ein krok. Desverre syns eg det meste av utemøbler, iallfall i mi prisklasse, er dørgande kjedeleg og lite inspirerande. Men med mi forkjærlighet til pallar må det vel kunne gå an å få til noko a la dette? Kanskje ikkje så praktisk om det skulle komme ein skur, men det fristar absolutt å slenge seg nedpå her med interiørblad og kald drikke. Eg har nemleg tenkt at årets sommar skal bli like solfylt som vinteren har vore til no!
Så då er det berre å få tak i paller og beis og dra fram dei madrassene som ligg på gjesterommet ubrukt og vips: Mor har fått sin eigen lille lounge!

Foto: via Pinterest

Posta under Inspirasjon | Merkt , , , , | Éin kommentar