Eg har veldig god tid til å surfe rundt på nettet for tida. Mykje av tida går med til å surfe på sider som Pinterest, Etsy, Craftgawker, Stylegawker osv osv. Det resulterar i at eg no har ei mappe full av potensielle DIY-prosjekt i ei eller anna form. Og så finn eg veldig mange fine DIY-bloggar. For det meste små enkle interiørprosjekt, men og eit og anna veske/smykkeprosjekt. Eg innser jo det at når det ikkje bli gjordt no før babyens ankomst kan det ta sin tid før slike prosjekt vert gjennomført, men det er uansett morro å la seg inspirere. Overraskande få babyrelaterte prosjekt, men eg antar at det her vert mi form for “nesting”.
Tavle: sugarandcloth.com
Oppbevaringskasser: sugarandcloth.com
Urtepotter: notjustahousewife.com
Tresleiver: littlebitfunky.com
Kleshengarar: designlovefest.com




